Halvor Folgerø

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musiker og journalist, og har tidlegare jobba i NRK i ei årrekkje.

Fjerjefolket!

Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland.

Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar

Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022, som begge er blitt bestseljarar. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom.

I dette foredraget tar han oss med på ei reise til vår nære fortid. Til smale, svingete vegar gjennom tronge fjordar, langs luftige stup. Vegar som var spektakuIære, men farlege. I dag er mange erstatta av tunnellar.

Dei gamle vegane ber på mange dramatiske historier. Det handlar om dramatikk på liv og død, om vettskremde turistar, om kork og kø, men også om pussige episodar og komikk. I tillegg byr foredraget på nye og gamle bilder av dei såkalla skrekkvegane på Vestlandet.

Ønsker du mer informasjon om foredragsholderen (e)?

Eller er du kanskje klar for å booke?

Kontakt oss helt uforpliktende

Epost:
firmapost@artistformidling.no

Telefon:
+47 900 28 444

 

Send oss en melding - vi kommer raskt tilbake til deg!