jarle2Jarle Traa

EVEREST – I LIVE MOT ALLE ODDS

Jarle Trå har gjennomført mange lange og høge ekspedisjonar dei siste 15 åra. Han har gått Noreg på langs og den samme turen gjennomførte han også med kajakk og sykkel. Han har også kryssa Grønland på ski. Men det er dei høge fjella som til dei grader har prega Jarle sitt liv, og spesielt dei høgaste av dei alle, dei få fjella i verda som ragar over den magiske 8000-metergrensa.

Frå å vera ein av Noregs minst mediaprofilerte høgfjellsklatrarar, vart Jarle plutseleg førstesidestoff i alle landets medier, då hans siste ekspedisjon til Mt. Everest holdt på å gå frykteleg galt. Han overlevde mot alle odds, men fekk frostskadar som vil forfølga han resten av livet.

I dette foredraget fortel Jarle sjølv den dramatiske historien om kva som skjedde. Filmklipp og unike bilete frå det som blir kalla ”dødssonen” illustrerer ein spennande historie. Jarle fortel også om mange av sine andre ekspedisjonar.

Tilbakemeldingane om foredraget er svært gode. Foredraget kan kort beskrivast slik:
Storslagne film- og bilete. Dramatiske visuelle intrykk og ein tankevekkande historie. Men også latter og mange morsomme episodar.

Foredraget passar til alle typar arrangement, og kan tilpassast tidsmessig.

[ess_grid_ajax_target alias=”grid-1″]

×