Knut Langeland & Claus Sellevoll

claus-sellevollKnut Langeland & Claus Sellevoll

«Det gode liv i aktivitet» er eit foredrag til ettertanke og inspirasjon. Claus Sellevoll (38) og Knut Langeland (53) fortel om eigne opplevingar i fjell og på sjø, på turar som ikkje er meir krevjande enn at dei er gjennomførbare for dei fleste, men som likevel kan opplevast som ekspedisjonar og eventyr.

Sellevoll og Langeland er talspersonar for det enkle friluftslivet, og dei formidlar med innleving korleis vi finn naturperler til sjelebot og livsglede like utanfor stovedørene våre. Foredragshaldarane har bakgrunn frå idrett og legg vekt på verdien av å halda seg i fysisk god form, og dei minner oss på kor viktig det er at vi tek oss tid til å vera til stades i liva våre. Claus Sellevoll kjem frå Alversund, bur i Bergen og livnærer seg som artist og skodespelar.

Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater («Singel og sand», «Bikubesong», «Cato og Claus», «Vestlandsrevyen» og «Tyl»). Han er dessutan ein framifrå langrennsløpar.Knut Langeland er journalist og forfattar med Bergens Tidende som fast arbeidsplass.

Han har skrive fleire turbøker og er oppteken av å formidla vidare til lesarane dei gode stemningane og opplevingane ein finn i naturen. Langeland likar seg til fots, på ski og i kajakk og var i sin ungdom ein meir enn gjennomsnittleg god fotballspelar.

×